Hopp til innhold
Denne profilen er ikke tatt over ennå. Er dette deg? Ta over profilen

Ina er eigar, dagleg leiar og frisør ved Floke Ulvik. Ho er utdanna makeup-artist, spesialeffektmakar, frisør, brynsstylist og gartnar. I 2007 gjekk ho over til makeup-faget, og i 2010 begynte ho på Adam og Eva Skulen. Som lærling vart ho handplukka til å vere med å starte Adam og Eva Grensen, der ho arbeidde både som frisør og fagleg leiar. Ved sida av salongjobben underviste ho ved Adam og Eva Skolen, og ho sertifiserte seg som colorist gjennom L'Oréal Professionnel. Ina har òg drive sjølvstendig innan foto, film, scene og event. Ein jobb ved Den Nationale Scene førte henne til Bergen i 2014, og året etter var ho med å starte Brow Rehab avdeling Bergen. I løpet av 2020 tok ho avgjerda om å flytte heim att til Ulvik, og dialogen med Floke starta same vinter. Våren 2021 opna Floke Ulvik.

Her er det stille ennå

Følg frisører for å se innlegg fra dem her

Finn frisører å følge →

Vurderinger

Ingen vurderinger ennå.